Ledige stillinger

Brunvoll Mar-El AS søkjer

Serviceingeniør/Teknikar

Serviceavdelinga ved Brunvoll Mar-El i Dalen treng fleire reiselystne og engasjerte medarbeidarar. Vi ser etter deg som har erfaring og kompetanse på automasjonssystem, og som er løysingsorientert og kundeorientert.

Hovudoppgåvene er varierte

• Service og oppstart på Brunvoll system world wide.
• Prosjektering og test av systema før levering frå produksjonen på 
Dalen.

Kvalifikasjonar

• Ingeniør/teknikar innan elkraft, automasjon, mekatronikk eller liknande. Det er eit vidt fagfelt som skal dekkast, og du vil bli vår spesialist på våre produkt på det du er best på.
• Erfaring/kompetanse på automasjonssystem.
• Gode engelskkunnskapar både skriftleg og muntleg.

Vi kan tilby

• Godt og uformelt arbeidsmiljø
• Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Spennande jobb i eit selskap med tydeleg norsk eigarskap og 
langsiktige ambisjonar om lokal utvikling og produksjon.

Arbeidsstad er med utgangspunkt på Dalen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til: Rådgjevar Jørn Grundsund i Talent Gallery, mobil 9547 1216 eller send ein søknad/CV til jg@talent-gallery.no snarast.